Viktig idrettshelg
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2010
UM-samling i Storhallen og Vestlandsmeisterskap i langrenn i Stryn er menyen for våre to idretts-ess denne helga.
Med "ess" meiner vi Hilde Riksheim Tandstad og Kenneth Pålson Fet. Hilde deltek denne helga i UM-samling i Sykkylven Storhall der mellom anna Veslemøy Hausken er mellom intruktørane. Samlinga går over to dagar, og er eit ledd i satsinga fram mot Ungdoms-NM i Molde seinare i år.
Kenneth Fet går i dag sprint i fristil under Vestlandsmeisterskpen i langrenn som vert arrangert av Markane IL i Stryn kommune. Dette rennet tek han som oppkøyring til det klassiske distanserennet som vert arrangert sundag. Rennet samlar alle dei beste frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane pluss nokre "slengjarar" frå Hordaland.
Nettsida kjem tilbake med resultat frå rennet i Stryn i løpet av helga.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024