Kan vi friste med eit fjellmaraton i Hong Kong..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2010

No er det for seint, det vart nemleg arrangert 10.januar. Sverre Gunnar Brunstad var der.



Vi veit ikkje svært mykje om løpet, men frå vår glimrande meldar, Asgeir Magne Rausand, har vi i alle fall fått resultatlista.



Det vesle vi veit er at løpet har ei stigning på 2000 høgdemeter (det vil seie "gnallhardt"),

  og at det opp og ned eit par fjell. Det offisielle namnet på løpet er visst nok Lantau Mountain Maraton.



Og det er berre å gratulere brunstadmannen. Han kom i mål på tida 4.01.14. Med den vart han best i klasse M 40, og han vart nummer seks totalt. Suveren vinnar vart Siu Keung Tsang med tida 3.35.58