Fjellsæterrunden /Det Store Folkerennet – viktige skidatoar

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2010

Kanskje er du mellom dei mange som er dyktig på langtidsplanlegging. I så fall kan det vere greitt å vite kva tid skiforma skal prikkast inn.



VIL sine to største skiarrangement denne vinteren er turlangrennet Fjellsæterrunden og mosjonsmønstringa Det Store Folkerennet.



Fjellsæterrunden vert arrangert av Sykkylven IL i samarbeid med VIL og truleg IIL. Ikornnes IL (ansvar for trimdelen) har vore litt "til og frå" siste åra, men har no gledeleg nok gitt melding om at dei vil vere med vidare. Hundeidvik IL, med ansvar for drikkestasjonane, takka for seg for eit par år sidan.

   Fjellsæterrunden 2010 vert arrangert sundag 28. februar. I fjor var VIL det laget med flest aktive deltakarar i rennet, og vi kom på ein særs heiderleg andreplass i kampen om å ha beste tremannslaget (Sunnylven vann). Noko å leve opp til dette året, og langrennsgruppa treng arrangørhjelp når den tid kjem.



Etter Fjellsæterrunden har du temmeleg nøyaktig 33 dagar på deg til restitusjon, nytt høgdeopphald og finpussing på diagonalgangen i lett lende før neste styrkeprøve.


Det Store Folkerennet er i fyrste rekkje eit trivsel-renn der livet på matstasjonen er like viktig som farta i løypa. I år vert sausen på råmjølkspuddingen varmare, sterkare og betre enn nokon gong tidlegare. Kyra har kalva og mjølka frå dei fyrste tre måla er frosne ned, vert det meldt frå arrangørhald.

  Konklusjonen frå tidlegare renn har vore at langfredag er ein fin dag for dette arrangementet, som ikkje minst hyttefolka på fjellet set pris på. Det betyr at renndatoen i år vert 2.april, og målet er at løypa skal gå rundt Nysætervatnet. I fjor var det i minste laget med snø, slik at rennet vart lagt i ei alternativ løype. Skal vi tru ein lokal vêrprofet vert det ikkje problem med snøen denne påska, det vert snarare motsett. I alle fall ser han føre seg 3 meter snø på fjellet i byrjinga av mars!

  I fjor samla Det Store Folkerennet 208 deltakarar. Med godt vêr vil langfredagrennet bli største skirennet i Sykkylven i 2010.



Og vi berre nemner det. Når kroppsverken (gangsperra) kiler kroppen din i etterkant av Det Store Folkerennet er det herleg å vite at det berre er 29 dagar til Konradløpet. Då kjenner du at du lever!