Grasrotmidlar til lokale lag i 2009
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2010
Ikkje uventa kom Velledalen IL best ut av laga i dalen med omsyn til grasrotmidlar i 2009. Velledalskoret fekk minst.
Ordninga starta 1. mars. Fem prosent av tippeinnsatsen vart sett vekk til det laget tipparen ynskte, utan at tipparen blei trekt for denne innsatsen. Dette var staten sin måte å kompensere for det store tapet fleire lag leid som fylgje av speleautomatane sin undergang. For å kome med i ordninga, måtte laga vere registrerte i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund. Velledalskoret hadde ikkje dette på plass frå start av 1. mars, noko som er litt av årsaka til botnplasseringa.
Her kjem dei turre tala for perioden 1.mars-31.desember.
Velledalen IL
15736,- (55)
VRF
6661,-
(26)
Skulekorpset
2874,-
(19)
Velledalskoret
1183,-
(8)
Tala i parantes fortel kor mange tipparar som har registrert spelekortet sitt på dei ulike laga.
Totalt gav ordninga 26 454 kroner til dei fire laga. Velledalen IL har aldri hatt speleautomat og kjem godt ut av denne ordninga. For VRF er det motsett. Dei hadde inntekt frå automatar som var vesentleg høgare enn det dei no får gjennom grasrotordninga.
Når ordninga gav drygt 26 000 kroner til desse fire laga, betyr det at dei 108 personane som har registrert spelekortet sitt på dei fire, samla har satsa kring 530 000 kroner dei ni månadane ordninga var aktiv.
VIL bøyer seg djupt og takkar alle som har spelekortet sitt registrert på laget. På den måten er du med og styrkjer arbeidet for trim og trivsel mellom alle lag av folket.
Vi har spesiellaga skjorter til grasrottipparane våre, men vi må vite om deg, så gi oss eit hint.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024