Kulturminneåret mot slutten – historisk foto

    Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2009

    Vi er inne i siste dagane av kulturminneåret og presenterer her eit foto frå Paul Hole sin 80 års dag.



    Der vart det sagt at Paul Hole er eit kulturminne. Fordi han i 1949 vart den fyrste kretsmeisteren i Velledalen IL, då han dette året vann
       KM 1500 meter i klassa for juniorar. Det er altså 60 år sidan. Idrettslaget vart skipa i 1906, så det tok med andre ord 43 år før laget fekk sin fyrste KM-vinnar.



    Jenta til høgre på biletet er Hilde Riksheim Tandstad. Ho er Velledalen IL sin siste KM-vinnar. Men ho er vår fyrste som vinn KM-tittel i sjukamp. Det ligg i ordet at ho må meistre sju ulike greiner; nemleg 100 meter hekk, kulestøt, lengdehopp, 200 meter, spydkast, høgdehopp og 800 meter. Ei særdeles krevjande idrettsgrein og ein høgthengande KM-tittel.



    Med andre ord; to historiske personar. Hilde fekk æra av å overrekkje Paul 80 års presang på vegne av Velledalen IL på jubileumsdagen.