Uslåeleg rekord?
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2009
Ordet uslåeleg vart brukt i 2002 då Liv Skogvold gjekk til ny rekord med 2629 poeng. Difor står vi i beit for dekkande ord dette året når Geir Helge Grebstad gjer seg fortent til 3248 poeng.
Dette er sjokktal. Dei er enno ikkje kommenterte frå trimgruppa. Truleg vert dei det i gruppeårsmeldinga som kjem om kort tid.
I idrettsverda er det heilt vanleg å dopteste personar som gjer prestasjonar i overkant av
fatteevna til eit normalt menneske. Slik vi forstår gruppa er alle formalitetar – unnateke urinprøve – i orden med Grebstad sine 3248 poeng. Liv Skogvold sine fantastiske 2629 i 2002 heldt i sju år. Kor lenge Geir Helge Grebstad sit på trona skal vi ikkje spå, neppe til dommedag, men kanskje i 7x7 år……?
Rekordtrimmaren er son av Annlaug og Johan S. Grebstad. Han er bror av dalen sin einaste faste politikar på kommunestyrenivå (Kristin Grebstad) og han har ein eldre bror som jobbar i Hole Maskiner. Han er med andre ord nær knytt til dalen. Han er sambuar, har eitt barn og har - med litt færre turar - heilt klart kapasitet til å produsere fleire. Han bur på Hjorthol og var ved siste lokalval ein av svært få i Velledalen som gjekk til val på FRP sitt partiprogram. Han driv eige firma innan hagebruk og brukar mykje tid på fjellet. Mellom anna til sportshandel i spann med karar med ei langt meir vaklande tru på Velledalen enn han sjølv.
Grebstad sitt vinnarprogram for trimåret ser slik ut:
200 turar til Regndalen,
8
til Vellesætra,
7
til Brunstadsætra,
4 på Koppen,
4 på Holetindane og
2 til skogsvegen Hjorthol
Det betyr at han samla 3000 poeng i Regndalen og 248 på dei andre postane
TOPP-10-Lista vert då slik:
3248 poeng: Geir Helge Grebstad
1856 poeng: Marianne Urke
1749 poeng: Arnhild Linga
1695 poeng: Inger Riksheim
1685 poeng: Astrup Kristoffersen
1654 poeng: Kjell Magnar Berli
1374 poeng: Magnus Ødegård
1295 poeng: Renathe R. Oldeide
1246 poeng: Ivar Arne Flo
1205 poeng: Nils Terje Skylstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024