Flott Alperittinnsats av Per Steinar og Bård
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Sep 2009
Alperittet er 42 kilometer langt. Terrengrittet har start og mål i sentrum. Særleg fyrste del av rittet er tøft, då syklistane syklar opp fjellet før dei bryt av med lettare terreng ved Hevsdalsheimen.
-Opninga var altfor hard så eg måtte sleppe teten tidleg, sa Per Steinar Linga til nettsida etter målpassering. Men Per Steinar jobba hardt opp fjellet. Etterkvart køyrde han seg opp i gruppa som kjempa om tredjeplassen i rittet. Her vart det spurt i sentrumsgatene, og Per Steinar tok ein flott fjerdeplass totalt med tida 1.30.17. Han vart med denne tida nummer to i største klassa, 20-39 år.
Bård Per Erstad er kjend som ein hardhaus i motbakkar. Opp fjellet ”sat” han fint i ryggen på damevinnaren Lise Grønbukt frå Flora CK. Rittet sin klart eldste deltakar tok det litt rolegare i unnabakkane, men kom likevel inn på fine 1.58.14. Det heldt til sjuandeplass i klasse 50+ . No er det slik at ein ikkje kan vente at personar i siste del av 60-åra skal konkurrere på lik line med 50-åringar, så neste år bør nok arrangøren legge inn ei ekstra klasse for dei eldste.
For dei som ikkje er klar over det, minner vi om at Bård vart hjarteoperert så seint som i desember 2008
Gratulerer med flott innsats til begge Per-ane.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024