Hilde persa på 1500 meter i kretscupen

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Aug 2009

Kretscupen i friidrett for 2009-sesongen vart avslutta sist helg (Midsund). Hilde Riksheim Tandstad deltok i lengde, 800 meter og 1500 meter.



Tidsmessig gjorde Hilde det best på 1500 meter. På denne distansen persa ho med nær åtte sekund. Ho fekk sluttida 5.13, som heldt til 5.plass på distansen.

  På 800 meteren vart Hilde nummer fire med tida 2.31, eit halvt sekund bak Maria Ringstad på tredjeplass. Maria Vattøy frå Dimna IL vann begge løpa.



I lengdehopp hadde ikkje Hilde sin beste dag, men kvalifiserte seg likevel mellom dei åtte som fekk tre ekstra hopp. Dei hoppa stod ho over for å spare seg til 800 meteren.



Totalt vart Hilde nummer fire i ”kvinner senior – lange løp”. Her tel i alt fire løp. Hilde fullførte tre – og altså med ein sterk fjerdeplass som resultat, noko som gav gåvekort frå G-sport i premie.



Samanlagt vann Tingvoll FIK Kretscupen 2009 med 425 poeng. Denne klubben ville nok gjerne hatt Hilde på laget sitt, ettersom ho gjekk på skule der i 2008/2009. Heldigvis for VIL gjorde ikkje Hilde det. Vi takkar Hilde for åleine å ha samla 27 kretscuppoeng til Velledalen IL. Det heldt til 11. plass mellom alle klubbane !

  Sykkylven IL samla totalt 17 poeng.



- Det er langt fram, men viss vi mobiliserer og får med nokre fleire utøvarar til neste år kan det bli bra, seier Hilde Riksheim Tandstad i ein kommentar i etterkant av årets kretscup.