Kåre Petter flittigast på Myrdalsfjellet

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2009

Om tre månader (ca) avsluttar trimgruppa trimåret med skifte av bøker på dei ulike postane. Nettsida vil i tida framover sjå litt på stoda. Og vi starta med Myrdalsfjellet.



Datoen var 5 juli. Posten har vore bra besøkt, men uråd å finne for dei som ikkje visste der låg ei trimbok på toppen. Boka var nemleg så innelødd med stein at den var heilt usynleg. Men for dei som veit der ligg ei bok er det greitt, og det veit tydelegvis velledalingane, eller folk med opphav i Velledalen. Slike var i stort fleirtal når vi bladde litt gjennom sidene.



Flest turar den aktuelle datoen hadde Kåre Petter Grimstad og hunden Tass med 20. Like bak fann vi trimgruppeleiar Nils Skylstad med 18. Desse to ”heilårsgangarane”hadde fleire vinterturar bak seg. Like bak jakta eit kobbel damer med 10-15 turar.



Konklusjon:
  Ettersom ingen hadde meir enn 20 turar er det heilt ope kven som vert årets trimmar på Myrdalsfjellet. Kåre Petter Grimstad er tittelforsvarar frå 2008, og ligg i posisjon til å forsvare denne. Men mykje kan endre seg på knappe 100 dagar – i ferien vil kanskje somme ta natta i bruk..?