Brennheit grill i 20 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2009
I 1989 arrangerte Velledalen IL grillkveld på Brunstadsætra for fyrste gong. Komande laurdag er det 20 års jubileum når grillkveld nummer 21 vert arrangert av trimgruppa.
Vëret er sjølvsagt avgjerande på eit slikt utandørsarrangement. Det har vore så ymse desse 20 åra, men gjennomgåande kan ein ikkje klage. Det har vorte tradisjon at arrangementet finn stad same helga som fellesferien startar.
Som vanleg vert bakkane opp til sætra gjort lettare med trimbingo. Grillmaten plar vere av god klasse, like eins kaffien og kakene. Om trimgruppa har planar om noko ekstra 20 år etter starten er uvisst, men musikk til maten har vore fast og populært innslag siste åra.
Idrettslaget reknar med rekord, både når det gjeld frammøte og appetitt.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024