Klart for den årlege seigpininga i Geiranger.
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2009
Laurdag 13.juni er det klart for den årlege seigpining i Geiranger for mosjonistar og dei som er litt tøffare enn mosjonistar.
Ja, for du kan kome langt som mosjonist. Ta eksempelvis Geirangermarsjen med fire ulike løypelengder. Du kan starte frå sentrum og gå til toppen av Dalsnibba (nær 1500 meter) – ei strekning på 21 kilometer, eller du kan ta kortaste alternativ – frå Djupvasshytta til Dalsnibba (ca 5 km).
Eller ein kan delta i Miniton (4,2 km) – som er ein tidel av eit maratonløp. I Geiranger er det start i sentrum og mål ved Flydalsjuvet.
Men rosina i pølsa er sjølvsagt NM i motbakkeløp og uoffisielt NM i motbakkesykling
Fleire lokale heltar stiller til start. Fremste kortet frå Velledalen er nok tvillaust Per Steinar Linga på sykkel. Sist helg sykla han Bergen-Voss, og han kjem ikkje til å bruke stort meir enn kvarteret over ein time på stigningen frå fjorden til toppen av Dalsnibba.
Skiløparen vår, Kenneth Fet (17) er debutant på sykkel. Vi trur Kenneth greier turen fint – skal vi tippe han til topps på 1 time og 39 minutt.
Olaf Øien representerer VIL, og han skal springe. Han vert nok mellom dei eldste som deltek. Løypa kjenner han godt etter fleire sterke løp tidlegare. Olaf har fleire topp-3 plasseringar i klassa, noko vi trur han greier i år òg
Ole Johnny Myrseth som går langrenn for VIL skal sykle – det gjer han for Huindeidvik IL
Og Bente Johnsen, som tidlegare budde i Velledalen, er klar for si tredje oppstigning. I fjor melde ho seg på Førjulsmessa nærast i medvitslaus tilstand då Nibberittet var langt framskrede. Skjer det same i år…? det er uvisst om ho stiller for Ekornes BIL eller for Nordlandslefsas Venner
Elles blir ei heil røys av sykkylvingar i Geiranger. Samla er det venta 1000 deltakarar på marsj, miniton, nibberitt og halvmarton. Det er meldt kaldt vêr, dermed vert det heilt sikkert ikkje rekord i antal sveittedråpar
Følg med, www.velledalen.netfylgjer pinslene på nært hald.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024