Konradløpet - Fantastiske Adrian

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2009

Fleire unggutar vart lagt merke til under årets Konradløp. Nokre av dei imponerte stort. Aller mest Adrian Hatlestad, som vart nummer tre totalt med tida 16.10. Dermed vart han beste sykkylving i løpet dersom vi reknar Sverre Gunnar Brunstad som utflytta.



Oppsiktsvekkande sterkt, fordi tida hadde gitt siger så seint som i 2008. Adrian er nemleg ikkje gamle karen. Neste sundag (10.mai) står han konfirmant. Sett i det lys er prestasjonen ramsterk. Rett nok er det bratte bakkar på Lyshol, men guten må ha gjort noko meir enn kika på dei, for å nå det nivået han heldt
   i tidsrommet 05.00-05.16 natt til 1.mai 2009.



Difor ringde vi faren, Hans Jakob Hatlestad, i von om å finne svaret.


-
  
 Han spring på tredemølle og spelar fotball på fleire lag,
  syklar ein god del, driv med styrketrening og spring på fjellet i tillegg

  
 -
  
 Ingenting anna ?


-
  
 Nei, ikkje så eg veit om


-
  
 Stemmer det at det var fyrste deltakinga i Konradløpet for Adrian?


-
  
 Ja, han var debutant.



Om unggutane har fått eit løft av å ”gå for presten” skal vere usagt, men vi registrerer at ein annan konfirmant, Thomas Strøm Grebstad, også har hatt ein formidabel framgang. Han hadde tidlegare ei bestetid på 21.56 frå 2006. I år kom han inn på sterke16.41. Og ein tredje (konfirmant), Lars Fredrik Lund, kom inn mellom dei 20 beste. Han vart nummer 16 med tida 18.53. I same rennet tek vi med at ei av dei som jobbar med konfirmantane, Monica Breivik Orre, kom inn på sterke 21.49.



Ole Robert Strømme, Torfinn Aamodt, Olav Håskjold og Kenneth Fet er alle unge gutar som fekk sjå 16-talet. Heilt tydeleg at fleire legg bak seg solide treningsdosar. Vår eigen Kenneth Fet ”persa” med nøyaktig eitt og eit halvt minutt, prov godt nok på at idrettslina ved Stranda vidaregåande skule ikkje er å kimse av.

  Gløymast må heller ikkje purunge Vegard Kaland, konfirmant i 2010, som sprang på 17.04. Eit høgoktanløp av guten med ei rekkje KM-titlar i langrenn. Også Robin Jørgensen er ein kar for framtida, med 19.48 som barneskuleelev.



Arrangøren var stolte av dei friske unggutane i 2009. Kanskje bør bygda tenkje tanken på å tromme saman eit lag til Holmenkollstafetten igjen….?



Atle Hole