Eit framifrå ”pitstop”

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Apr 2009

Under Det Store Folkerennet i 2008 fekk Elling Hole ikkje registrert tid i rennet rundt Nysætervatnet på grunn av ei mistyding ved start. Synd, tykte alle partar. I år ville nettsida i dalen fylgje han litt tettare som ein slags kompensasjon.



Han såg roleg, men konsentrert ut ved start. Denne gongen i parstart med yngste sonen, pedagogisk leiar i ein barnehage Jens Christian.

  I heller lett terreng fram mot matstasjonen ved ”Andorfura” hadde Jens fått luke på Elling. Ei normal utvikling tenkte reportasjeteamet. Jens tok det heller roleg ved ”matabordet”,han kunne tenkje seg å eksprimentere litt. Han hadde høyrt at kaffi og cola skulle vere bra, men kanskje ein kombinasjon av saft og blodmat kunne gi han ”kveiken” tilbake i ein litt vaklevoren kropp på grunn av bakglatte ski. Elling på si side hadde truleg spesialavtale med personellet på stasjonen, for før Jens fekk sukk for seg, såg han faren gli ut i løypa. Her var det berre å kaste seg på stavane og gløyme alt som hadde stått i innbydinga om tung servering.

  



Men like etter, der terrenget byrja stige oppover frå matstasjonen hende det noko. Nede frå stasjonen kunne ein høyre ei lett skraping i Elling si gearkasse, etterfylgd av ein blåleg røyk. Med det blåtte auge kunne dei sjå at det vart luke mellom far og son. Denne makta ikkje Jens tette, sjølv ikkje i lett lende inn mot mål.

  



Dit kom Elling uforskamma sprek. At han bomma på målseglet – sjølv om det var stort – er ein liten detalj han må trene meir på til neste år. Seglet var ikkje berre stort, det var òg tungt ”befengt” med Ekornesreklame. Difor skal ein ikkje heilt sjå vekk frå at Elling sin målgang kan vere ei lydlaus
   - men for han viktig - markering mot Ekornes-nedlegginga på Stranda.



For Jens vart rennet ei dyrekjøpt erfaring. No har slekta samtaleemne ved alle samkomer fram til jul – minst. Men litt lærte han òg. Dette med å få i seg rette typen ”fuel” er truleg undervurdert. Kanskje kan han snu opplevinga til noko positivt ved å ”nistire” på Formel-1 det næraste året. Ikkje alle ”pitstop” er like vellukka, akkurat den lærdomen drog Jens Christian Hole av far sin, Elling Hole, langfredag
   2009.
  



Påskeaftan 2009


Atle Hole