Lov å lure.
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2009

Menneska er ulike – også lokalpolitikarane. Og det finst alltid gode og mindre gode saker ein kan slost for. Vi merkar oss at fleirtalet i Sykkylven kommunestyre meiner alkoholservering på Fjellsætra på dag- og kveldstid er ei god sak.
Så god at dei vil ha det. Vi undrar oss på om desse personane vil ligge på knea sine og rydde krattskog når ei verkeleg god sak kjem på sakskartet. Vi tenkjer på den etterlengta lysløypa. Beint fram eit helsefremjande tiltak for born, vaksne og eldre. Eit anlegg som vil vere ei sælebot for det breie lag av folket i langt større omfang enn eksempelvis kunstgrasbana – for ikkje å snakke om ein skjenkestad i eit idrettsanlegg.
No må politikarane vise handlekraft i staden for å toe sine hender og stampe i sirup til langt oppå knea for den gode saka., med mindre dei ynskjer at politikarforakta skal bli sterkare enn den alt er.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024