Motbakkekongen er død

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2009

Landets klart beste motbakkeløpar, Jon Tvedt, er død berre 42 år gamal.

Jon Tvedt var saman med bror sin og ein kamerat då han brått vart dårleg under ein treningstur på Gullfjellet ved Bergen i går. Det var dårleg vêr i området og det tok timar før hjelpa nådde fram. Tvedt døydde av utmattelse og nedkjøling.

   Tvedt har delteke i stort sett alle motbakkeløp på Nordvestlandet, og har ved ei rekkje høve stått på same startstrek som VIL sine ivrige motbakkeløparar Håkon Fedt, Olaf Øien, Rolf Haxthow og Nils Skylstad. Tvedt hadde i alt 14 NM-gull i orientering og friidrett.


Han fekk aldri det 15. Det skulle han etter planen kjempa om i Geiranger til sommaren.


Vi lyser fred over Jon Tvedt sitt minne.