Bård ”årets utøvar”
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2009
Bård Per Erstad vart kåra til årets idrettsutøvar 2008 under årsmøtet i Velledalen IL i kveld.
Bård vert 66 år i mars, og ”først da tar livet til” heiter det i ein ikkje ukjend song. Om det vert slik for Bård er ikkje godt å seie, men sjansen er der etter at han hausten 2008 ”røska opp” i tette årar på Feiringklinikken. Og dei var ikkje lite tette heller. Tre av dei mest sentrale var høvesvis 99 prosent, 90 prosent og 75 prosent tette. Han ville ikkje overlevd eit infarkt fekk han vite.
Tidlegare dette året gjekk Bård Fjellsæterrunden (tid 1.33.47), han vann klasse 60-69 år i Ekornesrittet (tid 2.00.42), han vart klassevinnar i Sykkylvsrittet sitt temporitt og han vart nummer fire av 18 deltakarar i Nibberittet. Denne perioden trena han godt, ytte godt, men kjende seg likevel ikkje spesielt pigg. Alvoret i situasjonen skjøna han fyrst då han fekk problem med å halde kona Grethe på kveldstur.
Juryen var dette året samansett av Einar Fet, Terje Aurdal og Atle Hole. Dei hadde ingen lett jobb. Fire ungdomar og elleve veteranutøvarar var vurderte som kandidatar til prisen. Svein Arne Nakkken var Bård sin hardaste konkurrent til tittelen dette året i fylgje juryen. Han hadde sterke skiresultat i Vasaloppet, Birkebeineren og Holmenkollen Skimaraton å vise til.
Vi gratulerer Bård med tittelen!
Siste års vinnarar:
2007: Nils Terje Skylstad og Hilde Riksheim Tandstad
2006: Kenneth Fet
2005: Sverre Gunnar Brunstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024