Stort og smått nr 10
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2008
Romjulsmarsj nummer 30.
2.juledag byd trimgruppa i VIL inn til nok ein romjulsmarsj. Og denne gongen er det ei ekstra stor ære å gjere det ettersom det er marsj nummer 30 utan opphald. 147 personar deltok i debutmarsjen i 1979, eit tal vi må ta mål av oss å klare også dette året. Romjulsmarsjen har vore særdeles seig. Nedlegging av dette arrangenmentet har aldri vore tema. Uansett vêr stiller mellom 100-200 personar. Rekorden lyder på 223 personar – den skriv seg frå 1992,
og burde vere moden for å bli sletta.
Vi ynskjer alle velkomne til grendahuset 2.juledag. Også dei som ikkje er i stand til å gå, men berre vil ha ei sosial stund. Trimgruppa tek godt i mot alle, med gode smil og fin servering.
REGISTRERING: Frå 11.00-13.00. Som vanleg vert det ulike løypelengder, og premiering frå gruppa sine tolv trimpostar enkeltvis og samanlagt. Røsk i julefeittet – gå Romjulsmarsjen!
Les meir Her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024