Julegåvetips nr. 4

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2008

Ullmaxklede er populære julegåver. Visste du at du ved å handle Ullmax gjennom Velledalen IL er med og slår eit slag for trim & trivsel i heimbygda di...? For kvar 100 lapp du brukar på desse kleda går nemleg 30 kroner til VIL. Og det er billeg. Hua som du ser på bilde kostar 89 kroner. Pakken over hua er "bestselgeren", trøye med lange ermar og rund hals + bukse i same pakning. Dette kostar 99 kroner for born i aldersgruppa 2-8 år og i andre ytterenden, 199 kroner for alle storleikar frå XS og oppover.

Elles finst det tjukkar variantar i merino og ullfroté. Sokkar i fleire variantar, t-skjorter, trøyer med høg hals og glidelås, boxer og mykje anna. Stikk innom gamle Margarinfabrikken på Brunstad laurdag 13. desember, eller kontakt Atle Hole (70 25 07 49) eller Elisabeth Urke Hjorthol (990 01 433).