Julegåvetips nummer 3

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Des 2008

Då er vi komne til 7.desember og julegåvetips nummer 3 frå Velledalen idrettslag. Er du mellom dei som kjenner deg råka av finanskrisa bør du slå til her. Dette er nemleg det rimlegaste produktet vi har å tilby. Du får det for 30 norske kroner – for tvilarar er det vel rett å nemne at mannen på biletet ikkje er med for den summen. Pannebandet /ørevarmarane – kall det kva du vil – har mange funksjonar. Det er lett å bruke, det varmar, er det reklamerer for VIL sitt største arrangement, Konradløpet, som i 2008 samla 398 deltakarar, Minikonrad inkludert. Og som ein ser av biletet; produktet er særdelse kledeleg, og vil på litt sikt verte å finne i store motekolleksjonar verda over. Modellen på biletet har ikkje prosentar av salet – dette går i sin heilskap til VIL.