Julegåvetips nummer 2
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2008
Her kjem eit nytt tips for deg som famlar i blinde i gåvejungelen.
Vi opna med å tipse om Konradkruset til 50 kroner. Denne gongen legg vi litt meir pengar i potten. Kva med ei skjorte med VIL sin logo på. Faktisk brodert logo. Ei flott eksklusiv sak, svart farge med klubblogo i raudt, gult og blått. Pris 150 kroner. Vi har storleikane S, M, L, XL, og XXL. Kan brukast under ei dressjakke både til gravferd og fest.
I same rennet tek vi med ei hue frå Langrennsporten venner. VIL har fått tilsendt fem huer som vi skal selje. Vi har fire igjen. Norsk flagg i front. Ei lekker sak som vil glede ein kvar mottakar. Prisen er høg, 240 kroner takk!
Begge artiklane ligg på lager i Olagarden på Hole, e-post: atlehole@online.no- tlf 70 25 07 49 eller 917 43 761.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024