Julegåvetips nr.1, året 2008
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2008
VIL vil i tida framover presentere nokre julegåvetips mynta på rådville julegåvekjøparar. Fyrst ut er "Konradkruset". Eit eksklusivt kurs som gir kaffien eller teen ein ualminneleg rund smak. Velforma hank som gjer at kruset ligg stødig i neven. Opplaget er lite, difor er prisen etter måten høg. Du får kruset for kr. 50,- pr stk, som er sjølvkostpris. Det vert hevda at alle som drikk av slike krus før Konradløpet, alltid kjenner seg lette og spenstige løpsdagen. Prøv du også, ei populær gåve, uansett mottakaren si fysiske form.
Kontakt VIL-lageret, i Olagarden på Hole, tlf 70 25 07 49 eller 917 43 761
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024