Årboka i sal
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2008
Sigmund Nakkeberg er fast årbokkjøpar
Sykkylven Sogenemnd er ute med Årbok for Sykkylven 2008. Som vanleg er det VIL som har salet i Velledalen. Jostein Drabløs er åleine om å vere skribent frå Velledalen i denne utgåva. Han har skreve om Nils Skylstad (1884-1973), som levde eit slitsamt og omflakkande liv som driftekar og skinnseljar før han vart gardbrukar i Velledalen.
Eldar Høidal har i stykket "harmonisk samspel mellom grannar" teke føre seg soga til Straumshorn juniorkorps (50 år) og Velledalen skulekorps (45 år).
I biletkavalkaden har boka biletet frå VIL-arrangementa Fetvatnet Rundt og Det Store Folkerennet. Boka kostar kr 90,- Får du ikkje vitjing av seljar på døra, så er den å få kjøpt hjå Holmbergs gartneri, dit du likevel skal for å kjøpe juleblomar. Eller ring til Atle Hole (70 25 07 49) så får du ei bok brennkvikt.