Tidtrøyte i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2008
Laurdag 29. november er det julegrantenning ved Jokerbutikken. Vanleg opplegg
med gløgg, pakkar til ungane og julenisse. Og korpset spelar. Jokerbutikken klokka 16.00 er tid og
stad.
Seinare på kveld same dag held Svingfoten samkome i Grendahuset i Velledalen. Det er ikkje for
seint å delta (påmelding til Odd Kåre Fet). - Her vert det servert julemat av fyrste klasse med riskrem
til dessert. Modo Band står for musikken. Erfarne karar som spelar allsidig musikk, seier primus
motor, Odd Kåre Fet, til DiS på ei god telefonline.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024