Skåla Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2008
Eit av dei argaste motbakkeløpa, Skåla Opp, med godt over 1800 meter i skilnad mellom start (Loen) og mål, vart arrangert laurdag.
VIL var representert med trioen Stian Mork, Håkon Fedt og Nils Terje Skylstad.
Resultat:
50-54 år: Nils Terje Skylstad nr.7 med tida 1.39.30 (35 fullførte i klassa)
23-34 år: Stian Mork nr.51 med tida 1.48.22
Håkon Fedt nr. 58 med tida 1.52.34 (101 fullførte i denne klassa).
Det kan vere verdt å merke seg at i klassa til Nils vart Arne Johannessen frå Politets Fellesforbund (svært ofte å sjå på fjernsyn) nummer ni med tida 1.40.51
Beste tid uansett klasse hadde Jonathan Wyatt med 1.08.42 (tre sekund bak Jon Tvedt sin løyperekord).
Nils Skylstad seier til velledalen.net at det var gode forhold under løpet laurdag. Tida hans (1.39.30) var ni sekund raskare enn i fjor. Slett ikkje dårleg av ein mann som vert 51 år i september.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024