Tryna i Meråker
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Aug 2008
Kenneth Fet (16) har nyleg vore i Meråker på sommartreningsleir. I alt var 200 ungdomar samla der innan greinene langrenn, fotball og handball.
- Ein flott leir med dyktige instruktørar. Sjølv hadde eg Lars Berger, Frode Estil og landslagstrenarane for senior og junior i langrenn. Diverre tryna eg på rulleski og skrubba meg skikkeleg opp på eine foten, seier Kenneth til VIL-nettsida.
Om ei veke er det skulestart. Då vert Kenneth elev på Stranda, ved langrennslina ved Stranda vidaregåande skule, noko som betyr trening på dagtid. Godt satsa.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024