Hardhausen i mål.

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jul 2008

Sliten, men klar, gjekk Nils Terje Skylstad (snart 51 år) i mål etter å ha gjennomført den største manndomsprøva nokon har gjort i Velledalen. 14 timar – ganske nøyaktig – brukte han på dei elleve trimpostane i Velledalen. Posten i Riksheimdalen kutta han ut, då han skjøna tida ikkje ville strekke til. Og det er verdt å legge merke til at han ikkje nytta bil/sykkel mellom postane, Starten gjekk klokka 08.00, medan målgang var ganske nøyaktig klokka 22.00. Vi kjem tilbake med ein fyldigare sak seinare. Denne gongen nøyer vi oss med å frårå (på det sterkaste) andre å gjere same turen, som i dag gav Nils Terje Skylstad 96 trimpoeng. Vi vil tru det er ny dagsrekord