Grillkveld på Brunstadsætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2008

Trimgruppa sin grillkveld på Brunstadsætra markerer starten på fellesferien for mange. Opplegget er som før:
1800: Salsstart for trimbingolappar ved Yrkeledet på Brunstad
1830: Ypperleg grillmat salsklar på sætra.
Meny: Kotelettar, pølser, hamburgarar, potetsalat, grønnsaksalat, brus og kaffi
Trimgruppa ynskjer alle velkomne til ein koseleg kveld på sætra.
Gratulerer VIL !
Grillkveld på Brunstadsætra vart fyrste gong arrangert i 1989. Det betyr at arrangementet har eksistert i 19 år, men tel du på fingrane vil du finne ut at årets tilskiping vert grillkveld nummer 20 i rekkja. Ikkje så reint få kotelettar, kaffikoppar og brusflasker har gått med desse åra. Og vi takkar trimgruppa for god jobbing med ein sosial fulltreffar i friluft – open for alle.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024