Hoggorm på Brunstad

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2008

8.mai hadde ein 60 cm lang hoggorm teke turen ned i Gunnatunet på Brunstad. Truleg hadde den ikkje teorikurs, ettersom den kryssa vegen rett framfor ein traktor som kom køyrande. Det gjekk som det måtte gå. Ormen tapte kampen mot traktoren og er no historie.
Men spørsmålet er: Har det tidlegare vorte observert hoggorm i tuna på Brunstad, eller er dette eit storhende…??