Konradnytt 16.april
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2008
Her kjem nokre nyhende vedkomande 7.utgåva av Konradløpet.
Minikonrad utvida. Minikonrad vart arrangert fyrste gong i 2007 med 64 deltakarar. Den gong var løpet for løparar 0-13 år. På eit utvida styremøte vart det bestemt at årets løp vert utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år. Det vil seie at alle 92-modellar kan delta
Vidare vert Minikonrad 2008 delt i to startar:
30 april klokka 18.30: Årgang 1997-1992, distanse 1050 meter med tidtaking
30.april klokka 18.45: Årgang 1998-2008, distanse 1050 meter utan tidtaking
Alle deltakarar i Minikonrad vert premiert, startkontingent kr 50,-
Gi opp fødselsår ved påmelding !
Rekordpengar. I alle år har det vorte delt ut pengepremiar til dei som set ny løyperekord i Konradløpet. Seinast i fjor då Hilde Riksheim Tandstad sletta kvinnerekorden med god margin. Summen har heilt sidan starten vore kr 500,- Styremøtet 14.april vedtok å auke summen til kroner 750,-
Påmeldingsfrist er sett til 29.april Dei fyrste har alt meldt seg på. Både velledalingar og meir langvegsfarande. Så langt har det kome påmeldingar frå storbyar som Oslo og Ålesund.
Startkontingent: Det er framleis rasande rimeleg å delta i Konradløpet. Satsane for Hovudløpet med start 1.mai klokka 05.00 er sett slik:
Born kr 50,- Vaksne kr 80,- Familie kr 200,- Frukost etter løpet er inkludert
Vi gjer merksam på at påmelding etter fristen (30.april og 1.mai) let seg gjere, men då er prisen kr 100,- for vaksne og 250 for familie.
Påmelding:
Nils Terje Skylstad tlf 70 25 06 44 – e-post nils.terje@c2i.net
Rolf Haxthow tlf 952 95 076 – e-post: haxthow@online.no
Atle Hole tlf 70 25 07 49 – 917 43 761 – e-post: atlehole@online.no
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024