Kenneth nr. 5

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2008

Kenneth Fet avslutta den seriøse delen av skisesongen med deltaking i vestlandsmeisterskapen i sprint i Hyttehola med Sunnylven IL som arrangør. Kenneth hadde femte beste tid i prologen, og fekk same plassering i finalen. Avstanden framover var ikkje lang. I klassa til Kenneth kom alle deltakarane frå Møre og Romsdal, i eit renn utan deltakarar frå Hordaland. Så vestlandsmeisterskap var det berre i namnet.
Kenneth satsar friskt vidare mot neste sesong. Til hausten vert han elev ved langrennslina ved Stranda vidaregåande skule.