Folkerennet 30.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2008
Det Store Folkerennet, der livet på matstasjonen er like viktig som farta i løypa, vart Palmesundag stoppa av dårleg vêr. Vi prøver igjen med friskt mot sundag 30.mars
Det meste vert som tidlegare annonsert. To løyper, ei rundt Sætrevatnet (3 km ) og ei rundt Nysætervatnet (11 km). Alle born vert premiert, det vert uttrekkspremiar på startnummer, premie til løparen med best kostyme, til løparen med høgast fart og til Dagens Heldiggris (pengepremie trekt mellom alle deltakarane).
Påmelding kan ein gjere renndagen, like før start. Det nye er at den store fellesstarten er kutta ut. Alle kan starte når ein vil i tidsrommet 11.00-13.30, og ein bestemmer sjølv om ein vil ha tidtaking. I den korte løypa går alle utan tidtaking.
Den Tunge matstasjonen ved Orreneset er serveringsdyktig frå klokka 11.00. Det er verdt å merke seg at berre dei som har løyst startkontingent har krav på servering (det vil seie dei som går med startnummer).
Startkontingenten er 50 kroner pr deltakar, maksimalt kroner 150 pr. familie. Dersom vêret klaffar vert det grilling i start/målområdet. Og det er grunn til å vente stor deltaking, ettersom det har vore mange telefonar med spørsmål om når rennet blir
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024