VIL-gåve til skuleelevar

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2008

Styret i Velledalen IL har samrøystes vedteke å gi dei to eldste klassene ved Velledalen skule 360 skilodd for sal til husstandane i Velledalen. Greier elevane i 6.- og 7.-klasse og kvitte seg med alle lodda, vil dei sitje att med ein netto på om lag 7000 kroner. Vi oppmodar alle husstandar om å ta vel i mot loddseljarane når dei kjem med skraplodda.