Stian best av våre.
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2008
Stian Mork fekk best tid av løparane som representerte VIL under Fjellsæterrunden i helga. Med tida 1.23.29 vart Stian nummer to i klasse 26-30 år. Ein fin prestasjon av løparen som òg hadde eit uhell der han fekk skuldra ut av ledd. Heldigvis fekk han den på plass og kunne fullføre. Svein Arne Nakken vart nummer to i klasse 41-45 år med tida 1.24.26. Ole Johnny Myrseth kom på andreplass i klasse 31-35 år med tida 1.31.30, og ikkje minst; Bård Per Erstad nummer fire i klasse 61-65 år med 1.33.47.
I kampen om beste tremannslag vart resultata slik:
1. Stranda IL 4.05.03
2. Valldal IL 4.06.23
3. Velledalen IL 4.19.25
4. Geiranger IL 4.25.40
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024