281 åt sild
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2008
Den Store Sildedagen vert større for kvart år. Då den fjerde utgåva av etargildet vart arrangert i grendahuset torsdag 14.februar, løyste 281 personar billett. Dette var 50 fleire enn rekorden
frå 2007.
Kjøkkenpersonellet fekk ein stri tørn. Mot slutten av dagen gjekk ein tom for nokre produkt, men alt i alt ein vellukka dag med mykje ros for god mat.
Sluttresultatet for Den Store Sildedagen 2008 vart som fylgjer.
1. Pensjonistane 124 billettar
2. Øvrige vaksne 117 billettar
3. Born 30 billettar
Rett skal vere rett, fleirtalet av dei 30 som løyste barnebillett åt karbonadekake av kjøt, så her har heimane litt å arbeide med. Vi gratulerer pensjonistane med ein flott og fortent siger.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024