Minneord Synnøve Kristoffersen
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2008
Riksheimdalen græt. Fuglane og trea gjer det allereie, og til våren vil blomane gjere det òg. Dei saknar dama som gjekk tur. Ho gjekk i godvêr, i regn og i vind. 202 gongar stod namnet hennar i boka i Riksheimdalen i 2007
Men ikkje berre dette året gjekk ho. Både i 93, 94, 95, 97 og 98 samla ho mest trimpoeng av samtlege som registrerte seg i VIL sine trimbøker. Berre desse nemnde åra hadde ho over 1000 turar opp i dalen. Så kjem alle andre åra i tillegg. Er det rart fuglane græt…?
Vi lyser fred over Synnøve sitt minne.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024