Kjekt når ungdomen tek seg ut

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Feb 2024

Fjerde løpet i Ålesund Vinterkarusell vart arrangert laurdag 10.februar med start/mål i Fremmerholen.

 

Det heiter Vinterkarusell, men når det endeleg vart flotte vinterforhold, ja då svikta deltakarane. Anna kan ein ikkje seie når berre 25 utøvarar tok seg til mål. Fire av desse representerte Velledalen IL. Yngst i VIL-troppen var den komande konfirmanten, Jone Schmidt Breivik, eldst skigruppeleiar Svein Arne Nakken (58). Alle fire gjorde som vanleg ein framifrå innsats.

 

Einaste VIL-utøvar på 10 km var Andreas Mosby Nakken. Her er dei seks beste på distansen uansett klasse:

  1. John Gunnar Dybvad, Lånke IL, 37.07
  2. Lars Thoresen Haug, Ålesund, 37.17
  3. Andreas Nakken, Velledalen IL, 38.35 – klassevinnar M 20-22
  4. Tor Egil Skarbø, Ålesund, 42.24
  5. Mats Sørensen Bratvold, Trondheim, 42.58
  6. Silje Kulen, Ulsteinvik, 43.10 – beste kvinne.

Godt sprunge av Andreas under vinterlege forhold. Ei tid som lovar det beste for sesongen 2024.

 

På distansen over fem km kom 15 løparar til mål. Her kniva ungdomen Jone mot Velledalen IL sin friidrettsleiar (Alf Petter) på 57 år om den sjette beste tida uansett klasse. Og denne gongen vart det tenåringen som vann, etter å ha gitt alt i siste del av løpet. Her eit utval tider mellom dei som sprang 5 km:

18.47: Kristian Nedregård, Ålesund – beste herre

20.34: Janne Elin Vatnaland, Spirit Stavanger – beste kvinne

21.16: Simon Meek, Bjørkavågen

21.23: Christer Sylte, Molde

21.49: Stig Are Jørgensen, Ålesund

21.59: Jone Schmidt Breivik, Velledalen IL – vinnar M 14-15

22.00: Alf Petter Bøe, Velledalen IL – vinnar M 55-59

22.06: Ludvig With, Kondis Ålesund

22.23: Bogumil Pilat, Polen

22.35: Eldar Sindre Valkvæ, Ålesund Løpevenner

24.18: Svein Arne Nakken, Velledalen IL – nr 2 M 55-59

30.07: Per Jan Helset, Langevåg – klasse M 80-84


Friidrettsleiar Alf Petter Bøe rett etter målgongFriidrettsleiar Alf Petter Bøe rett etter målgong.Ei hjelpande hand etter eit solid gjennomført løp.



Kommentarer

— Guest