Hiv deg med i Eikenosa Opp
Postet av Atle Jomar Hole den 15. Mai 2025
Arkivfoto frå 2023
Dette motbakkeløpet vert arrangert 18.mai med start klokka 14.00
Vi vil tru forholda er gode i løpstraséen sidan det ikkje har vore nedbør av betydning på lang tid. 15.mai klokka 20.00 hadde løpet 11 påmelde, men dette talet vil stige. Einaste påmelde førebels av Velledalen IL sin trottige løparskare er råspreke Jan Ketil Vinnes. Han spring i klasse M 55-59.
Deltaking i løpet kostar fylgjande summar:
Kr 50,-: Trim utan Tid
Kr 100,-: For alle under 16 år med tidtaking
Kr 200,-: For alle over 16 år med tidtaking
Eikenosa Opp har start klokka 14.00 den 18.mai.
Påmelding gjennom EQ-timing
Resultat vil kome på nettsida ganske kort tid etter løpet
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025