DET NORSKE FJELLMARATON - BEITOSTØLEN
Postet av Atle Jomar Hole den 8. Jun 2025
Familien Fløttum Fauske leverte sterke prestasjonar
Her kjem dei harde fakta frå Det norske fjellmaraton på Beitostølen. Som før meldt hadde Velledalen IL fem gode utøvarar til start på Miniton og Fjellbukk-løpet
Det gjekk slik:
Miniton tom 12 år: Ikkje rangert resultatliste, men Sigurd Fløttum Fauske hadde sjette beste tid (29.24) av 37 fullførande deltakarar
Miniton K 14-15: Sofie Fløttum Fauske nr 13 på tida 36.25
Miniton M 16-17: Johan Fløttum Fauske nummer fire av åtte fullførande på tida 24.58
Miniton M 45-49: Øystein V Fauske nummer fire av 16 fullførande på tida 25.36
Fjellbukk K 45-49: Marianne Fløttum nummer to av seks fullførande på tida 58.29
KOMMENTAR: Marianne var nærast siger i familien - berre 28 sekund unna.Marianne sprang også lenger distanse enn resten av familien. Når det gjeld far/son duellen mellom Johan og Øystein, enda den med 38 sekund i Johan sin favør. Solid innsats av heile familien. Om det finst eit foto frå løpet er nettsida takknemleg for det.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Fin VIL-tropp til Hornindal
25.07.2025

Syltynt på Høgsætra trimpost
24.07.2025

Ludvig sprang Romsdal 5/10/halv
24.07.2025

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025