VIL-TIDER BIRKEBEINERLØPET
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Jun 2025
Arrangert på Lillehammer laurdag 14.juni
Velledalen IL hadde fire påmelde, men Malin Berge tok trening på heimleg grunn i staden for konkurranse. Men trioen Robert Vasset, Janne Tomtum og Roger Malvin Hole fullførte i fin stil, rett nok ikkje utan problem.
RESULTAT:
1.24.02: Robert Vasset, nummer 72 i eiga aldersklasse
2.19.26: Janne Tomtum, nummer 114 i K 40-44
1.51.09: Roger Malvin Hole, nummer 78 i M 55-59
Vi nemner vidare at Bjørn Ole Vassbotn frå Volda T&IL vann klasse M 55-59 på 1.22.23, og at Odd Jarle Døving vart nummer to i klasse M 70-74 på 1.50.06 - ti sekund unna sigeren.
KOMMENTARAR:
Roger Malvin;
- Fekk dessverre løpet øydelagt på siste 7-8 km på grunn av to fall. Låg ca 50 sekund bak merkekravet på 8 km og 14 km, men hadde aldri klart 1,43 uansett. Veldig gode tider i år, eg kjende varmen, var i betre form enn siste eg deltok, men slik er livet.
Odd Jarle Døving på Strava:
-Birkebeinerløpet, 2.plass i klasse M 70-74, sure 10 sekund.
ODA ALETTE STERK I NOREFJELL TRAIL
Norefjell Trail vart arrangert i dag med sterk deltaking
Mellom desse var Oda Alette Kjellsbøl Hole, som deltok i halvmaraton-varianten. Der var både kortare og lenger løype. Oda Alette kom inn på tida 2.37.26. Den tida heldt til 41.plass av totalt 178 fullførande kvinner i halvmaraton. Beste kvinne vart Ida Amelie Eid Robsahm på 1.52.04.
Oda sin Strava-kommentar:
- Fantastisk dag i fjellet. En ordenli krampe-bonanza på vei ned
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

BIRKEBEINERLØPET LAURDAG 14.JUNI
11.06.2025

MEIR OM LØPET PÅ BEITOSTØLEN
10.06.2025
Andre resultat frå Ålesund maraton
10.06.2025

Kleivane rundt
10.06.2025

SOMMARNATTSLØPET TRONDHEIM 2025
08.06.2025