Njål i knallform – 9.03.8 på 3000m på Bislett

Postet av Atle Jomar Hole den 27. Sep 2025

 

Sju dagar etter 2.36.05 på heilmaraton, gjorde Njål 9.03.8 på 3000 meter på Bislett.

 

Når det somme vil kalle ein eldre herre (43 år) gjer 9.03.8 på 3000 meter baneløp, fattige sju dagar etter 2.36.05 på heilmaraton, ja, då er det snakk om å vere i form. Storform, til og med. Ikkje nok med det, 3000 meter tida til Njål er ny personleg rekord med to sekund. Løpet vart gjort på Bislett stadion i hovudstaden under «Blender Sports 3000 meter», arrangert av Sankthanshaugen Løpeklubb.

 

Her er namna på dei 10 beste uansett klasse:

  1. Andreas Torsvik, Bjarg IL, 8.58.3
  2. Njål T. Tyssing, Velledalen IL, 9.03.8
  3. Lukas Moskau, Tyskland, 9.09.1
  4. Marius Strandhaug, Lillehammer IF, 9.15.1
  5. Jørgen J. Axelsen. KL Running, 9.32.4
  6. Terje Sørli, Oslo Run Club, 9.39.0
  7. Eirik Skavdal, OSI, 9.42.3
  8. Ole Kristian Gjertsen, CC Sprek, 9.43.6
  9. Andreas Kumwenda, Asker, 9.59.0
  10. Eirik Vestgren, Hakone Run Club, 10.03.7

 

Beste kvinne: Marte Sønstevold, Oslo, 10.30.7

 

Strava-kommentar Njål: Blender 3000m (Bislett): 9.03.8

  • Ny pb med to sekund. Veldig nøgd. Enorm harejobb av Andreas Torsvik (tusen takk). Hadde ikkje sjanse til å følge ryggen på siste runde. Enormt vêr og enormt bra arrangement av St. Hanshaugen løpeklubb.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.