Loddbøker i emning - vil du sponse premie?
Postet av Henning Tandstad den 23. Okt 2025

Velledalen IL har siste åra hatt loddbøker i drift kvar haust, med trekning rett før jul. Det vil vere fysisk sal også i år, og Førjulsmessa er ein viktig salsarena (i tillegg til sosiale media), så det er ønska at loddbøkene er klare i god tid før dette. Her brukar det å vere mange fine premiar frå kjekke sponsorar!
Har du noko du vil gi inn til loddboka, meld frå til Ove Skylstad eller Henning Tandstad som organiserer loddbøkene i år.
Premiar treng vi uansett mykje av i tida framover. Tombola, loddbok og etter kvart igjen uttrekkspremiar til Romjulsmarsj, Konradløpet o.l. Så det blir ikkje fullt - og sidan bruksområdet er breitt, trengst det ikkje å vere flust med julepreg heller. Berre meld frå om du finn noko du vil sponse idrettslaget med - både stort og smått!
På førehand tusen takk.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Henning Tandstad
VIL-kle i julegåve? Bestill i tide!
22.10.2025
Eit viktig bidrag til kreftforsking
11.10.2025
Sponsormidlar frå Sykkylven Energi
18.06.2025