Vinterkarusell-start sundag 9.november

Postet av Atle Jomar Hole den 2. Nov 2025

 Arkivfoto

I alt fem løp i karusellen. To før jul, tre etter.

 

I dag er det på dagen ei veke til  Vinterkarusellen Ålesund startar. Fyrste løp går altså sundag 9.november. Nytt av året er at løpsdagen er endra frå laurdag til sundag, med nytt start-tidspunkt – klokka 13.00

 

LØPSDATOANE FOR  DEN KOMANDE KARUSELLEN:

1.løp: 9. november

2.løp: 14. desember

3.løp: 11.januar

4.løp: 8. februar

5.løp: 8.mars

Alle som deltek i tre – eller fleire – løp vert premierte. Målet for Velledalen IL bør vere minst ti premierte.

 

Distansane er valfritt 5/10 km i kontrollmålte løyper

Start/mål: BestDrive i Fremmerholen.

Påmelding gjennom EQ-timing, eller i god tid ved frammøte før start.

 

Ei veke før løp 1 i karusellen hadde 16 løparar meldt seg på. Av desse var Ludvig With, M 50-54, åleine frå Velledalen IL, men det kjem fleire.

 

Vinterkarusellen er framifrå som treningsløp og sosial møtestad i den mørke årstida. Her treng ingen presse seg maksimalt. Som Sverre Gunnar Brunstad sa det: Den som gjer sine beste tider for sesongen i desse løpa, har bomma på opplegget. Ein løpar skal IKKJE vere i toppform i perioden november-mars, med mindre vedkomande har heilt spesielle planar.

 

Velledalen IL har alltid ei sosial samling på ein utestad med eit felles måltid for den som vil, etter ALLE karusell-løp.

 

NB! Treff Yr vert det fantastiske forhold under fet fyrste karusell-løpet 9.november!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.