VIL-statsikk 2025: MARATON (42 195 meter)

Postet av Atle Jomar Hole den 7. Jan 2026

 

Sju ulike løparar har gjort i alt tolv løp på distansen.

 

Vi opnar med å presisere at VIL-statistikkane gjeld løp som løparar med medlemskap i Velledalen IL har gjort. Dette gjeld alle VIL-statistikkane som vil kome dei næraste dagane

 

HERRAR:

Statistikk-føraren har funne i alt åtte løp signert fire ulike personar. Njål har gjort flest løp med tre, Espen har gjort dei to raskaste, men i statistikken kjem berre kvar løpar sitt besteløp opp.

Espen har 2.33.39 som sitt nest beste løp frå Bergen i april – eit gjennomkøyringsløp i maratonkarusellen i Bergen. Her er tala:

2.28.06: Espen Utgård Sæther (M 23-34) – København, mai 25

2.36.05: Njål Torillson Tyssing (M 40-44) – Oslo, september 25

2.52.50: Sverre Gunnar Brunstad (M 55-59) – Budapest, oktober 25

2.54.30: Hilmar Kråkenes (M 45-49) – Ålesund, juni 25

 

KVINNER:

Her har statistikk-føraren notert fattige fire løp i 2025. Vi tek også med Maria Fet si tid, sjølv om ho ikkje er VIL-medlem:

3.25.31: Malin Berge (K 23-34) – Ålesund, desember 25

3.43.27: Oda Alette Hole (K 23-34) – Oslo, september 25

4.14.08: Emma Holmberg (K 23-34) – Trondheim, september 25

4.18.40: Maria Fet (K 40-44) – Ålesund, juni 25

 

TAL MARATON PER UTØVAR I 2025:

3: Njål Torillson Tyssing

2: Malin Berge

2: Espen Utgård Sæther

2: Hilmar Kråkenes

1: Oda Alette K. Hole

1: Emma Holmberg

1: Sverre Gunnar Brunstad

 

KONKLUSJON:

Vi likar ikkje bli kalla ein eliteklubb. Men når det er gjennomført ni løp på herresida, og 100 prosent av løpa har ei slutt-tid på under tre timar, veit vi ikkje heilt. Heldigvis er kvinne-statistikken meir breidde-prega, og det kan vi love statistikkane på dei andre distansane også vil bli. Vi ynskjer nye løparar velkomne til maraton-distansen i konkurranseåret 2026!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.