Espen sprang halvmaraton i Bergen

Postet av Atle Jomar Hole den 14. Feb 2026

 Arkivfoto

Espen Utgård Sæther vart fyrste VIL-løpar som gjennomførte eit halvmaraton i 2026

 

14.februar 2026 sprang Espen Utgård Sæther halvmaraton på 1.21.02 under Maratonkarusellen i Bergen. Distansane der er halv- og heilmaraton. Den lengste distansen hadde 28 fullførande, med ei bestetid på 2.56.11 (Håvard Berland).

 

Halvmaratonløpet hadde 105 fullførande. Her er dei fem beste namna:

  1. Erland Eldrup, Varegg, 1.12.21 (M 23-34)
  2. Sondre Øvre-Helland, Viking TIF, 1.15.19 (M 23-34)
  3. Alfred Eliassen, BSI Boat Club, 1.20.19 (M 23-34)
  4. Espen Utgård Sæther, Velledalen IL, 1.21.02 (M 23-34)
  5. Mari Fosse Vaksdal, Bjørgum IL, 1.22.52 (K 23-34)

 

På Strava skriv Espen: Maratonkarusellen 1.21.02

  • Første over 18 km sia juni. Null feste i Metaspeed, så umulig å øke farta. På tryne i første sving. Tok det ganske forsiktig resten. Positivt at kroppen respondera igjen!

 

Trøysta får bli at du var ikkje den einaste som datt i dag Espen (jamfør svensk kvinnneleg langrennsløpar)!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.