TeleNor/Fjellsætercup: Renn to 18.februar
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Feb 2026
Renn 1 vart avlyst, men renn to i morgon 18.februar går etter planen.
Og sidan det no kjem litt snø, kan det bli rett fine forhold under rennet i morgon kveld, onsdag 18.februar
Nokre viktige moment å hugse:
PÅMELDING: 18.00-19.15. I alle renna i denne cupen kan ein byrje gå straks ein er påmeld, anten ein går med eller utan tidtaking.
STARTKONTINGENT: 75,- for born/150,- for vaksne.
PREMIERING: Alle deltakarar får TeleNor oppstartpremie i sitt fyrste renn. Vidare vert det eiga premieutdeling (lik premie) etter sesongslutt.
STILART: Fri teknikk – som betyr at ein kan skøyte, gå klassisk eller stake (eller ei blanding av alt – det er rett og slett fritt fram).
Renn tre i den lokale langrennscupen vert arrangert sundag 15.mars – rennet går i fri teknikk.
Og skulle nokon ha spørsmål i samband med dei lokale langrenna, vil ein truleg få dei sikraste og beste svara ved å kontakte Kristian Moe eller Svein Arne Nakken.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
2651 grasrotkroner i februar 2026
01.03.2026
Ei veke til siste karuselløp i Ålesund
01.03.2026
FJORÅRETS GRENSESPRENGJAR: ANDERS WESTRHEIM
25.02.2026
ALPERITTET MED VIL-DELTAKING
21.02.2026
VELLEDALEN IL-PÅMELDE BIRKEBEINERRENNET 2026
19.02.2026