VIL-tider Birkebeinerrennet 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Mar 2026

Og la det vere sagt med ein gong – eit særdeles vanskeleg renn for dei som gjekk med festesmurning
Øystein Bakke har skildra sin tur frå Rena til Lillehammer på Strava. Dette er det vi vil kalle ei reflektert, og god skildring…… etter ein dag der han like gjerne kunne vore eitrande forbanna og sagt; ALDRI MEIR!. Her er Øystein Bakke, utøvar i klasse M 50-54, sine ord:
- Huff og huff! Nok ein tung tur med vanskelege forhold. Bakglatt heile vegen. Smurde om 5 gonger, men vart redda av høge klabbar i oppoverbakkane! Ein tyskar syntest synd på meg, og fjerna klabbane mine på Midtfjellet, så då fekk eg faktisk bakglatte ski også der. Målet var å slå tida mi frå fjoråret, men eg gjekk 20 sekund seinare, så …… vi gløymer dette, men tek med at eg IKKJE fekk krampe! Kanskje eg må bite i det sure eplet og bruke felle-ski neste år..?
VIL-tider Birkebeinerrennet 2026:
4.39.05: Oda Alette Kjellsbøl Hole – nr 38 i K 30-34 – beste VIL-plassering
4.21.22: Sivert Nakken – nr 189 i M 20-24
4.31.41: Andreas Nakken – nr 200 i M 20-24
3.19.48: Constantin Rust – nr 91 i M 25-29 – beste VIL-tid (med stavbrot)
3.54.17: Njål Torillson Tyssing – nr 147 i M 40-44
4.39.42:Jon Espen Nitter Ulvestad – nr 249 i M 40-44
4.12.53: Tom Skar – nr 211 i M 50-54
4.00.00: Svein Arne Nakken – nr.69 i M 60-64
4.04.18: Fridtjof Fredriksen – nr.84 i M 60-64
6.00.17: Olav Brunstad – 103 i M 70-74
Vi beklagar, men den resultatlista nettsida var inne på, var det inga tid på Øystein Bakke. Ofte er det slik i desse renna at det kan kome små endringar også på plasseringane. Men slik det står her, er slik resultatlista stod laurdag 14.mars ca klokka 18.30
Takk til alle som var i aksjon for framifrå innsats og kampglød!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Då har vi funne Øystein Bakke på lista
14.03.2026
Mange går til Velle-og Brunstadsætra
13.03.2026
Pressemelding frå VIL, langrenn
12.03.2026