Ny klubbrekord av Constantin i Drammen
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Apr 2026

Og klar ny personleg rekord av Anders Westerheim
Velledalen IL hadde berre to løparar i aksjon i Drammen, Constantin Rust og Anders Westrheim. Begge leverte knallsterkt. For kva anna kan vi seie om dette:
CONSTANTIN:
Sprang 10 km på 31.00 i Drammen. Ny klubbrekord for Velledalen IL med fem sekund. Constantin hadde sjølv den gamle, sett i 2025. Med tida 31.00 vart Constantin nummer 43 av tusenvis av mannfolk i Drammen. Vi gratulerer også ørstingen Sjur Evebø Haug som kom inn på tida 30.46, som heldt til 33.plass av alle herreløparar.
ANDERS: Anders Westrheim hadde kunngjort at målet var å notere 16.50 på fyrste 5 km. Det vart 16.51. Men han hadde krefter att og kom inn på 33.28, ny personleg rekord. Den tidlegare rekorden vart sett på Jessheim seinhausten 2025 og lydde på 33.50.

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026