Orientering: KM sprint i Molde i dag

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2026

Med 44 utøvarar frå fire ulike klubbar. Ingen påmelde frå Velledalen IL.

 

I dag, laurdag 25.april, vert KM sprint-orientering arrangert i Molde. Med to dominerande klubbar, MOI (Molde og Omegn) og Emblem IL. Særleg MOI mønstrar mange aktive på heimebane. Elles har Kårvåg IL ein einsleg deltakar som skal kjempe om tittelen. Siste klubben som vert representert er Lillehammer OK, men utøvaren deira er ikkje med i kampen om KM tittel i klasse D 21, sidan klubben ikkje er heimehøyrande i Møre og Romsdal.

 

Diverre finn vi ingen frå Velledalen IL på lista over dei 44 påmelde.

 

Vi får håpe laget vårt kjem sterkare att i neste KM. Det finn stad sundag 10.mai, arrangert på Aksla i Ålesund av Emblem IL.

 

Til slutt må det vere lov å uttrykke undring over at dei styrande i O-krinsen legg to av KM-løpa sine i den hardaste perioden for konfirmasjonar i fylket vårt. Såleis legg dei sjølve premissane for lågare deltaking enn det elles ville ha vore. Og o-sporten treng verkeleg ALLE deltakarane dei kan få!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.