Sverre og Malin sprang i Molde

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2026

 

Sverre gav jernet, medan Malin denne gongen var «hjelpar» for Olav Kåre Sandanger.

 

Nettsida har fått fylgjande melding frå Sverre Kjerpeset. Han sprang i dag halvmaraton under Molde Maraton, berre kring ei veke etter han deltok på same distanse under Romsdal 5/10/halv. Velledalen IL sin andre deltakar i Molde var Malin Berge, denne gongen som fartshalder for ein kar ved namn Olav Kåre Sandanger.

 

RESULTAT halvmaraton Molde, laurdag 25.april 2026:

  1. Ole Nordh, Speed and passion, 1.19.16
  2. Kenneth Sira, IL Triumf, 1.21.47
  3. Erik Bergrem, Noteam, 1.22.05
  4. Torstein Svendsgaard, Noteam, 1.26.53
  5. Eivind Mutschler, Noteam, 1.26.56
  6. Ingrid B. Frantzen, Noteam, 1.28.21 – beste kvinne
  7. Sverre Kjerpeset, Velledalen IL, 1.29.37
  8. Vidar Lillebudal, IL Leik, 1.31.51
  9. Espen Fadnes, Noteam, 1.32.06
  10. Lars Harald Sødal, Kyrksæterøra IL, 1.32.11

 

29. Olav Kåre Sandanger, Team Sandanger, 1.42.40

32. Malin Berge, Velledalen IL, 1.42.41

 

Vidare nemner vi at Marie Kvalsnes Nygård, Denne Stranda, sprang halvmaraton på 1,57.39

 

STERKE MILLØP I MOLDE:

Stine Fivelstad og Tina Elisabeth Jøsok, begge frå Laps and Yaps på Stranda leverte flotte milløp med 51.27 på Stine og 51.38 på Tina. På denne distansen var Eline Langlo påmeld, men fekk DNS bak namnet sitt. Det dreier seg truleg om ein ny fotballskade, får vi meldt frå påliteleg hald på Stranda

 

KOMMENTAR FRÅ SVERRE:

  • Endeleg satt den! Tenkte kanskje det blei i kjappaste laget å springe ein ny halvmaraton berre ei veke etter den førre. Men i dag spela kroppen verkeleg på lag. Hadde som mål å slå rekorden frå same løypa i 2024. Den var på 1.32.55, og vart slått med tre minutt og 10 sekund. Men det som var endå meir sjukt. Eg slo jaggu rekorden min frå Vartdal halvmaraton i fjor med 8 små sekund.  1.29.45 under KM på Vartdal i fjor, vart til 1.29.37 i dag. Det heldt til ein sjuande plass av alle 92 startande på halvmaraton. Dette var jaggu litt av ein siger. Vil takke Hilmar og Malin for at eg fekk springe med dei førre helg. Der lærte eg mykje. No vert det nokre dagar kvile. Takk for meg – helsing ein meget stolt Sverre!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.