Minneord: Ragnhild Brunstad
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Apr 2026

Du møter mange menneske på vegen gjennom livet. Somme gløymer ein raskt, andre har noko i seg, som gjer at dei vert hugsa for alltid. Ragnhild Brunstad høyrde til siste kategorien. Hadde ein fyrst lært henne å kjenne, gløymde ein henne ikkje. Engasjert, skapande, drivande og levande. Velledalen var ein betre stad MED Ragnhild enn utan.
Det er langt mellom kvar gong det går ein «farsott» gjennom Velledalen. Men ein slik slo ned i 1978, og gav seg ikkje før kring 1993: Det var HESTESKOKASTINGA. Lidinga hesteskokasting, slo så hardt, at vi må ha lov å kalle det ein farsott. Alle kunne bli råka, sjølv om den i Velledalen såg ut til å treffe modne menn hardast.
Hesteskokasting som konkurranseidrett kom altså til Velledalen i 1978. I startfasen var det yngre menn som Bjørn Lade, Pål Lødemel og Atle Hole (VIL-leiar) som hadde hand om hesteskokastinga. Det starta forsiktig med lokale arrangement og klubbmeisterskap i VIL-regi. 4.juni 1978 gjekk «Jomfrustemnet», eit klubbmeisterskap med 30 deltakarar. Året etter (1979) deltok 64 utøvarar under eit bygda-meisterskap i parkasting, før den fyrste Øye-cupen vart arrangert i samarbeid med Union Hotell og ekteparet Dahl. Fyrste gong vi ser namnet til Ragnhild Brunstad på toppen av resultatlista var i 1980, då ho vart bygda-meister i parkasting saman med Heidi Brunstad.
Ragnhild var 33 år då farsotten kom til Velledalen. Og ho skulle vise seg å bli markant i rørsla, både som utøvar og arrangør. Både i 1980 og 1981 arrangerte Velledalen IL uoffisielle NM i hesteskokasting, single. I 1980 også uoffisielt NM i parkasting. Ragnhild prioriterte alltid arrangementa framfor eiga deltaking. Tidleg på 80-talet hadde ho ei rolle i Oddgeir Bruaseth sin film om hesteskokasting, og ho var med i ein delegasjon frå Velledalen IL til eit møte om hesteskokasting i Markane (Stryn). Det hadde seg slik at Dagbladet skulle lansere ein stor sommarkampanje om hesteskokasting, men visste ikkje heilt korleis dei skulle gripe an saka. Såleis hadde dei kalla inn kastarar frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre til eit møte. Frå Velledalen IL deltok Arne Olufsen, Ragnhild Brunstad og Atle Hole. Dagbladet sin utsende var ingen ringare enn sommarvikar Alf Tande Pettersen (Tande P) som seinare vart ein drivande dyktig programleiar i NRK. Og der sat altså Tande P i to-tre timar og høyrde på at sunnmøringane , på eine sida, nord-og sunnfjordingane på den andre, krangla om det skulle kastast på grus eller gras, om det skulle nyttast flate sko eller grevsko og om det var arrangøren eller kastaren sjølv som skulle halde med sko. Truleg litt av ein seanse for Tande P, men han/vi fekk servering, la det vere sagt, og at sunnmøringane på litt sikt tapte kampen om reglane.
I 1981 reiste 48 utøvarar frå Velledalen til Breim for å kjempe om eit levande føl. Karane var sjanselause på Breim-grusen mot grevsko-kastarane, men Oddny Brunstad og Inger Marie Lie tok sin andre strake uoffisielle NM-tittel i parkasting. Om lag på same tida kom magasinet «Aktuell Rapport» til Velledalen i samband med eit uoffisielt NM. Dei fotograferte både kreti og pleti, og ikkje lenge etter kom lokale hesteskokastarar frå Velledalen – stortingsmann Arnold Weiberg-Aurdal (Sp) inkludert - nær sagt side om side med særdeles lett-kledde kvinner i dette magasinet. I ein tre-fire siders reportasje om hesteskokasting, som faktisk var ganske god. Det var ikkje å undrast over at bladet vart rive ut av butikk-hyllene, og det var etter dette at hesteskokastinga fekk stempelet; «Syndens Sport» i det lokale bedehusmiljøet.
1982/1983 høyrde til gullåra for hesteskokasting i Velledalen. Då vart eit nytt stemne, kalla Velledalscupen (parkasting), lansert. 212 deltakarar. Ragnhild og dottera, Helga, vann kvinneklassa i 1982. I 1983 auka deltakartalet for Velledalscupen til 216. Nok ein gong med siger i kvinneklassa for Ragnhild og Helga. Det høyrer med til soga at Ragnhild og Helga vann kvinnepokalen til odel og eige med flest poeng etter fem år.

Alt tidleg på 80-talet vart det danna eit Landsstyre for hesteskokastarane, som hadde som mål å samordne aktiviteten. Mellom anna terminlistene. Ragnhild Brunstad kom tidleg med i dette arbeidet. Eksempelvis sat ho som nestleiar i Landstyret til hesteskokastarane i 1985. Og endeleg, i 1986 vart Norges Hesteskokastarforbund skipa. Frå og med dette året (1986), vart alle NM rekna som offisielle. Og Ragnhild sat faktisk i Forbundsstyret dei to fyrste åra det eksisterte. Hittil i Velledalen IL sine 120 år, har ingen andre hatt tilsvarande posisjon i eit Forbundsstyre.
I 1986 vart Velledalen IL 80 år. Og med Ragnhild i Forbundsstyret, frå eit lag som tvillaust fortente tittelen pioner innan greina hesteskokasting, var det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at Velledalen IL fekk arrangere det fyrste offisielle NM i parkasting i 1986. Som eit ledd i Velledalen IL sitt 80 års jubileum. Med Ragnhild Brunstad som leiar i hesteskokastargruppa gav arrangementet ei netto-inntekt på 50 000 kroner, trass i at laget premierte alle deltakarar, og spanderte middag på alle. Ordførar i Sykkylven, Svein Helgheim, opna stemnet. Der var hornmusikk begge dagar (Velledalen Skulekorps og Skopshorn Juniorkorps), programkveld i grendahuset laurdagskvelden og dans med Quincy. Vidare miniatyrskyting, fotball-bingo og presisjonskasting med premiering, i tillegg til innlagt presse-NM (som Bygdaposten ved Frank Kjøde vann).
NM single 1990. Etter kvart vart det lenger mellom storstemna. Siste NM i regi Velledalen IL vart arrangert i 1990. Ragnhild framleis i dytten, både som deltakar og arrangør. Eit program-hefte på 32 sider – av desse 21 sider annonser – skal Ragnhild ha mykje av æra for. Vidare vart 23 firma takka for gåvepremiar, fin helsingstale frå ordførar Arnold Weiberg- Aurdal og 21 kastarar frå Velledalen IL, medrekna klassa for nybyrjarar som ikkje konkurrerte om NM-titlar. Vellukka NM, men det viste at den generelle interessa for hesteskokasting i bygda var dalande.
Siste dans i 1993 – verdig slutt. 5.og 6.juni 1993 vart det arrangert Norgescup-stemne, single, i Velledalen. Siste stemnet som kan omtalast som stort. Sjølv om alt no gjekk føre seg i godt organiserte former over store deler av landet, var det ikkje lenger snakk om stemne som samla 200 deltakarar eller meir, korkje i Velledalen eller dei fleste andre stadar. Men la vi legge til; ein knapp månad etter siste storstemnet i 1993, vart Kjell Arild Heggdal frå klubben vår offisiell NM-vinnar i single i Hobøl. Slik sett kan ein seie at avslutninga på 15 særdeles rike og aktive år med hesteskokasting var verdig.
Feiande flott come back. Hesteskokastinga i VIL bråslutta likevel ikkje i 1993. Nokre, men vesentleg færre enn i glansåra kasta seg framleis med på enkelte stemne. Ragnhild Brunstad imponerte med eit sterkt come back i 1998. Då var ho 53 år, og ferdig med alle eigne arrangement. For fyrste gong kunne ho konsentrere seg om den sportslege biten. Det gav henne to fyrsteplassar i kvinneklassa under Norgescupstemne i 1998, og ho vart nummer to i Norgescupen samanlagt. Sportsleg avslutta ho på topp.
Ragnhild var formann, som det heitte denne tida. Kall det gjerne leiar eller sjef. Ho såg ut til å like rolla. Ho hadde mange modne menn under seg. Menn som let henne styre, og som likte miljøet dei var ein del av. Dei likte felleskapet, men dei tenkte kanskje ikkje over kven det var som skapte det. Kven som samla inn annonsar, samla inn gåve-premiar, gjorde innkjøp, kontakte samarbeidspartnarar, sette opp funksjonærlistene, ordna med annonsering, kontakte media for førehandsomtale, leigde grendahus, ordne opp i problem, hadde den overordna kontrollen, og mykje, mykje meir.
Ragnhild var ikkje berre Velledalen IL sin «velgjerar». Ho skugga aldri unna «vakta si» i andre lag og organisasjonar heller. Men i Velledalen IL ofra ho eiga karriere langt på veg for fellesskapet. For henne var det alltid viktigare å skape eit godt arrangement for andre, enn å førebu seg sjølv best mogleg til sportsleg innsats. Vi skulle så gjerne ha feira henne som ein lekk i Velledalen IL sitt 120 års jubileum, og ho hadde fortent feiring sidan det i år er 40 år sidan det fyrste OFFISIELLE NM-arrangementet i Velledalen, eit NM ho var sjef for og losa i hamn på beste måte. Men diverre, vi rakk det ikkje denne gongen, og det smertar. Difor vert det avslutta med sitat frå Ragnhild, ord sagt for ganske nøyaktig 40 år sidan:
- Det blir eit kjempearrangement med gratis middag og premiar til alle deltakarane, og på programmet står også mykje anna enn hesteskokasting.
- Frå mest kvar ein heim i Velledalen er ein eller fleire med på arrangementet, fortel formannen i hesteskokastar-gruppa i idrettslaget, Ragnhild Brunstad.
Sitat: Nytt i Uka, 6.mai 1986
Ragnhild la til rette, ho ville at alle skulle ha det bra, og ikkje minst; ho prisa fellesskapet!
Takk Ragnhild, takk for innsatsen du la ned til det beste for heile velledals-grenda og omlandet rundt!

Atle Jomar Hole
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
86-åring 27.50 i Konradløpet i dag
01.05.2026
Konradløpet: 300 løparar og god stemning
01.05.2026
Svært god påmelding til det 23. Konradløpet
30.04.2026
No er maraton populært mellom unge menn
29.04.2026
Tøffe, tøffe Hilmar!
29.04.2026